Info frå diakoniutvalet


Diakoni er omsorgstenesta til kyrkja. Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorgen for naboen til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom.

Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.

I Forsand har me ikkje tilsett diakon, men me har fleire frivillige medarbeidarar som deltek i ulike besøkstenester og eit eige diakoniutval som har fokus på dette arbeidet.

 

Tilbake