Lyse kapell i Lysebotn vart bygd i 1961, og har sidan den gong vore som ein liten "katedral" mellom dei høge fjella indst i Lysefjorden. Bygget er i tre med 150 plasser. Arkitekt: Helland, Gustav / Årreberg.
Mange hadde lagt ned ein stor innstats, og gitt gåver til kapellet. Det vart ein merkedag då biskop Fridtjov Birkelid kunne vigsle kapellet den strålande sommardagen, 28. mai 1961.
Frå vigslingsdagen vart kapellet eit levande bygg med mange ulike aktivitetar. Det var basarar og foreiningar, juletrefestar, hobbyklubb, søndagskule, forutan dei vanlege kyrkjelege handlingane. I starten var det åtte gudstenester i året.
Til 25 års-jubileet pussa dei opp kapellkjellaren på dugnad. Jubileumsdagen var det festgudsteneste med kaffi og noko attåt etterpå.
Etter som åra gjekk vart det mindre og mindre folk att i Lyse. Skulen vart nedlagt og det vart mindre fastbuande igjen i bygda. Det vart skjeldnare gudstenester, før det vart heilt slutt rundt år 2000. Til slutt førte dette til ein diskusjon i soknerådet om ein burde avhende kapellet. Kommunestyret fekk saka på bordet, og skulle avgjera kva dei skulle gjera. Då vakna Lysebuen, og saman skapa dei eit engasjement for å behalda kapellet. Kommunestyret bevilga pengar til oppussing, men det var den store dugnadsinnsatsen som gjorde at ein fekk dette til. Mange dugnadstidmar er lagt ned for å få kapellet på fote igjen.
5. juni 2011 blei det feira 50 års-jubileum for kapellet, som no sto fram med nyoppussa kjellar og reint og fint alle stader. Kapellet var fullt av folk som feira kapellet, og kanskje ikkje minst feira den store dugnadsinnsatsen som var gjort!